Herrebunaden til Indre Nordhordland vert sydd i klede.
Vesten
Raud med grønt midtstykke i front.
Den er dobbeltknappa med sølvknappar på det grøne feltet og med knappar til pynt på dei raude frontstykka. Der er spenne på spenselet i ryggen.
Knebuksa
Svart ”lokabrok” med sølvknapper under linninga. Den vert lukka med knappar i splitten ved kne og spenne på knelinninga.
Trøya
Trøya rekk til midt på hofta. Den skal ikkje lukkast att men har dobbel rad med knappar på kvar side. Dei grøne knapphola skal ikkje vera opne. Jakken er kanta med grøne ullbånd på kragen, slaga, framkant og rundt lommeklaffane.
Alle desse tre delane er sydde i kledestoff.
Skjorta
Skjorta er i lin og har tettsaum på hals- og armlinningar.
Sokkane
Flettestrikka i ubleika ullgarn og sokkabanda er bregda i grønt, raudt og kvitt.
Me leverer også sølv, sko og hatt til bunadane.