Voss Herrebunad
Herrebunaden frå Voss vert sydd i klede.
 
 
Vesten
Raud med grønt midtstykke i front. Dette midtstykket er dobbeltknept med sølvknappar. Det raude framstykke har i tillegg knappar på kvar side. Kragen er oppståande.
 
Buksa
Buksa er sydd enten med lok eller knappa gylf. Det vanlegaste er knebukse men den kan og vera lang. I splitten ved kne er der sølvknappar og på linninga er der spenne.
 
Jakka
Jakka er kort. Den skal vera open og fylgjer kanten på den raude delen av vesten. Jakka har sølvknappar på kvar side i front. Den har slag og krage som står opp.
 
Skjorta
Skjorta er i bomull eller lin med tettsaum på lin til hals- og armlinningar.
 
Sokkane
Lettastrikka i ubleika ullgarn.Sokkabanda er bregda i grønt og raudt ullgarn. 
 
Me leverer også sølv, sko og hatt til bunadane.
 
 

 

Sjå bilder under
(Sjå navn på bildet nede til venstre når du klikker på bildene)
 
 
 
     
   

Bunadsstova på Dale Osterøy næringspark 5281 Valestrandsfossen | 55 60 39 25 | post@bunadstovapaadale.no                               Design: Netnor